Gardsbruket Øvrebø i Ortnevik

Gard med gardstun.

På biletet ser vi garden Øvrebø (Nedre Tune 4/4 Øvrebø) øverst. Dette gardsbruket vart skilt ut frå Fastingarden i 1879. Husa vi ser er frå venstre vedhus (fremst) bak dette står fjøsen, løa, bak løa ser ein i hovudhuset som var bygd rundt 1880. Heilt til høgre står den gamle kårstova. Dette er i dag rive og erstatta med ei moderne hytte. Stykket med veg ned frå tunet kallar ein for Ekra.

Nærmast i biletet ser ein den den gamle husmansplassen Myra (Nedre Tune 4/17 Myra).

Fotografiet er truleg teke på 1950-talet. På den tid var det Anders Øvrebø som eigde og dreiv garden. Han var både bonde og turistvert. Han dreiv ei overnattingshytte på stølen i Brydalen. Når fotturistane kom ned frå fjellet, overnatta dei i kårhuset på garden hos han. (Foto: Privat eige)