Husa til bruk 55/5 på Ytre Berge
Husa til bruk 55/5 på Ytre Berge. Biletet er teke før arka kom på våningshuset i 1922. Knut Oleson Berge bygde løbygning og stovehus same året, i 1902. Stovehuset hadde ikkje full røst og mønet var ikkje midt etter huset. taket var kortare på nedsida. Knut gifta seg med Sigrid i 1906 og hadde bryllaup i nyehuset. Knut fekk løfta taket på våningshuset, til slik det er no, i 1922. Medan det arbeidet stod på budde Gjøa, søster til Knut, og døtrene til Knut i løbygningen. (Privat eige)