Saniteten i Høyanger hadde ei eiga barneforeining, her står dei på trappa framfor sanitetshuset i Parken midt i 1930-åra. Dette var det gamle sjukehuset som saniteten overtok då det nye sjukehuset stod ferdig i 1934. Biletet er teke i samband med utdeling av maiblomsten som var ei årleg hending for å skaffe inntekter til arbeidet deira. (Årbok Høyanger 2021, Høyanger sanitetsforening 100 år, Jan Anders Timberlid. Foto: Eugen Nordahl Olsen senior/Fylkesarkivet Vestland)