Jonsokbryllaup med fylgje i Ortnevik rundt 1947 «Brudeparet» er Sunni Jorunn Thune og Gerd Fitje (ingen gutar torde å vere brudgom!). Biletet er teke ved nausta på Øyra i Ortnevik.
Sitjande frå venstre: Martha Brekke, Anna Brekke, Kjell Hustavenes, Astrid Brekke, Ovidia Brekke, Gunda Aud Thune, Gudleik Oppedal, Liv Bungum, Inga Brekke, Jonny Øyrehagen, Liv Jorunn Brekke, Leiv Norevik og Steinar Norevik på fanget hans. Brurefylgjet var fyrste del av eit arrangement med program og fest på Verkstaden (båtbyggeriet) i Ortnevik i regi av Ortnevik Ungdomslag. (Foto: privat eige)
Jonsokbryllaup i Ortnevik
Årstal: 1940-1949 | Ortnevik og Strendene
