På biletet ser vi ein gutegjeng som kastar på strek i August Gunnarskogsgate, nedanfor gamle Folkets Hus i Høyanger på 1950-talet. Dei kasta pengemyntar mot ei strek, der målet var å treffe streken eller kome nærast. Reglane for spelet kunne nok variere over tid, frå stad til stad, eller mellom ulike gjengar. Reidar Normann Kristiansen og Jan Haukereid har skildra korleis dei spelte på Facebook-sida til Høyanger historielag.
Kristiansen fortel at dei kasta myntane slik den som kom på streken eller kom nærmast vann. Dei delte så potten ved at den som vann fekk «riste» først. Å «riste» vil seie å samle saman potten, rista myntane i nevane og så kaste dei på bakken. Den som rista, valde fyrst enten kron eller mynt, og plukka deretter opp dei myntane som fall med rett side opp, alt etter kva han hadde valt. Så var det han som kom som nummer to sin tur til å «riste», og slik gjekk det til heile potten var plukka opp.
Haukereid fortel at dei spelte «Død mann». Her var og om og gjere å treffe strekken eller kome nærast. Men kasta du over streken, var du ute – eller ein «død mann». Ifølgje Haukereid fekk vinnaren her heile potten.
Den mest brukte mynten var den gode, gamle 5-øringen, som før 1973 hadde ein diameter på 2,7 cm, og difor var godt eigna som kasteobjekt, samanlikna med dei mykje mindre 1- og 2-øringane. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)
Kaste på strek har mange fellestrekk med å kaste på stikka. Dette kan du lese meir om i Store norske leksikon:
https://snl.no/kaste_p%C3%A5_stikka