Kyrkjebø var samna med Ramsli senteret i gamle Kyrkjebø herad. Her var kyrkje, handels- og handverksverksemd, post, skule og lensmann, «Kyrkjebø slik det såg ut i 1896. Biletet er teke frå Kyrkjeneset. Den staselege kyrkja frå 1869 til venstre. Midt i biletet ser ein husa og gardstunet til Kyrkjebø 49/1. I skogkanten bakom der ser ein i husa til husmannsplassen Engegjerdet. I det lange naustet heilt til høgre i biletet starta Magnus Kyrkjebø med handel på midten av 1880-talet. Huset som ligg i enden av vegen som går opp frå naustet, er det kombinert handels- og bustadhus han bygde opp like etter. Til høgre for dette ser ein det første skulehuset på Kyrkjebø frå 1868. I bakkant her ligg tunet på lensmannsgarden Ramsli». (Kjelde: Årbok Høyanger 2019, s. 36) (Foto: Privat eige)