Kykjebø saman med Ramsli var på slutten på 1800-talet ein vitig handelstad for mange i gamle Kyrjebø herad. I den samanheng var kombinasjonen kyrje- og handelsstad viktig, der kyrsøndagar var ein travel handelsdag. Dei dagane fekk tilreisande kyrkjefolk som elles hadde lang veg til butikk handle. «Slik såg handelstaden på Ramsli ut i 1886. Nede ved sjøen ser ein den nybygde kaia som fylkesbåtane la til ved. Huset som ein ser i framgrunnen på haugen, var huset til smeden Sjur Einarson Berge. Delvis skjult bak dette ser ein i det kombinerte krambu-/bustadhuset og bakeriet til Andreas og Lukris Ramsli. Heilt i høgre biletkant ser ein handverkarbustaden, der familien Værholm budde. Stova var på Kyrkjebø nemnd som Værholmstova». (Kjelde: Årbok Høyanger 2019, s. 47) (Foto: Privat eige)