Bergegrenda

Larsgarden, bruk 55/2 på Ytre Berge

På biletet som er fra om lag 1903, ser vi familien til Lars Berge og Ingeborg Berge (f. Nordeide) da seks av dei åtte ungane var fødde. Frå venstre Lars  (Vetlelars), Ragnhild, Lars (far), Sigrid, Ingeborg (mor), Astrid, Alvhild og Gjertrud. Valborg blei fødd i 1905 og Ingeborg i 1907. Ingeborg (dotter) gifta seg med Magne Osland. Dei dreiv garden vidare etter Lars og Ingeborg.

På dei fleste gardane bygde dei løbygningen først. I 1902 var låven til Lars L. Berge ferdig. Folket budde ein periode på fjøslemmen, og der blei dottera Astrid fødd. Det var pent tillaga, og det gjekk godt med mor og born.