Lasting av mjølkespann ombord i «Eitrheim» påsken 1980 i Ortnevik. Frå byrjinga på 1930-talet vart mykje av mjølka i Ortnevik levert i mjølkespann til Høyanger. Fram til mai 1982 vart det levert mjølk i spann til mjølkeruta på kaien. Ein kort periode var løysinga å levere mjølkespann til den nye ferjeruta som gjekk på Ortnevik-Nordeide. Frå juli 1983 var det slutt på mjølkelevering i spann, frå no kom det tankbilar til gards for å hente mjølka i mjølketankar. (Foto: Øivind Øvrebotten)

