Biletet er truleg teke i samband med eit stølsgjestebod på Nyestølen til Ljotebø tidleg på 1930-talet. Frå venstre ser vi Sigrid Ljotebø, Olga Øyre, Ingeborg Merket, Ragnhild Merket, Lisa Ljotebø og Anton Ljotebø. Dei med etternamn Ljotebø er søsken og kom garden med same namn. Dei med etternamnet Merket kom frå garden Merket, dei var søstre og var ofte omtalt som «Merkejentene». Olga Øyre var ei «fosterdotter» som budde på Ljotebø på den tid. Det var trange tider for fleire i Høyanger på starten av 1930-talet, og det budde barn frå Høyanger på fleire gardar på Kyrkjebø i ein periode. (Privat eige)