Her ser det ut som at fotografen har fanga opp eit oppskoke på Klevald der ølkjenga går frå mann til mann. Biletet er teke i kjellarhalsen til våningshuset til bruk Klevald 45/1. Karen som står som nummer to frå venstre er bonden sjølv, Øystein Larson Klævold. Som på folkemunne ofte var kalla for «Klevaldspresten». Eit tilnamn han fekk fordi han var så flink å prate for seg, nett som ein prest. Frå venstre ser vi ellers skiftformann, H. Hallingstad, «Klevaldspresten» sjølv, byggmeister Karl Ludvig Svendsen, Abrahamsen og skiftformann O. Bendiksvold. Biletet har truleg samanheng opparbeiding eller opning av Furuheiemn, ferieheimen for funksjonærar ved Naco (aluminiumsfabrikken i Høyanger) på Klevald, då personane utanom «Klevaldspresten» er funksjonærar ved Naco. Furuheimen stod ferdig våren 1940. (Privat eige)
Stikkord: bonde | dress | feltjakke | funksjonær | gruppefoto | heimebrygg | kjellar | Klevald | nikkers | øl | ølkjenge | oppskoke