På kyrkjeveg i Indrebergsvingen
På kyrkjeveg i Indrebergsvingen 26. juni 1926. Brudeparet er Lasse E. og Anna (f. Lønne) Berge, 55/4. Bakom kan ein skimte hus på Ytre Berge. Mannen i hatt til høgre for kjerra er Ivar Lønne. Gutane framfor hesten ser ut til å vere Leif O. Berge, Tor Lønne, Kristen Lønne og Johan S. Berge (i matrosdress). Spelemannen er Klaus Sande. (Privat eige).