Skiftarbeid på serie C

Årstal: 1980-1989 | Høyanger
Rullebankar i drift vd ein aluminiumsfabrikk i Høyanger.

Ein rullebankar bankar/rullar ned badskorpa på ein elektrolyseomn (elktrolysecelle på fagspråk) for produksjon av aluminium på Serie C i Høyanger. Det kvite pulveret som ligg opp på omnen er aluminiumsoksid (alumina), som er eit bearbeida kjemisk stoff som er hovudbestandelen i aluminiumsproduksjon.  Produksjonshallen var bygd i to trinn sett i drift i 1957 og 1965. Produksjonen var i Søderbergteknologi som var lagt ned i 2006. Som det kjem fram av teksten «TYA 3», kom rullebankaren opphavleg brukt frå ÅSV i Årdal, der den og i si tid og var bygd. (Foto: Geir Ivar Ramsli/privat eige)