I åra 1980 og 1981 arbeidde Geir Ivar Ramsli på aluminiumsfabrikken i Høyanger. Han hadde fotografiapparatet med seg på jobb og tok fleire bilete frå arbeidslivet på «verket». Mellom anna tok han ein serie fotografi der han portretterte tre omspassarer og arbeidet deira på eit skift på Serie C. På dette biletet ser vi dei har stilt seg opp framfor ein rullebankar. Frå venstre ser vi Håkon Austreim, Ragnar Strandos og Arne Austreim. Desse tre karane, alle busette på Austreim, var på dette tidspunktet i 60 åra og på god veg mot pensjonsalder. Fram til 1986 var det ÅSV som eigde aluminiumsfabrikken i Høyanger. Fabrikken var på den tid gjerne omtalt som Høyanger verk, og «verket» i kortform blant folk i Høyanger. I Høyanger nytta ein i den tid tittelen omnspassar om dei som hadde til oppgåve å sjå etter omnane. I fagtermologi er ein «omn» omtalt som elektrolysecelle. I dag er dei som arbeider i elektrolysen gjerne omtalt som operatørar. (Foto: Geir Ivar Ramsli/privat eige)

Stikkord: aluminiumsfabrikk | arbeidar | arbeidsklede | arbeidsliv | elektrolysecelle | gruppefoto | hjelm | kost | oksid | omnspassar | Serie C | skift