Skihoppar i HIF-bakken 2

Torkjell Berge framfor hoppet i HIF-bakken

Torkjell Berge står framfor HIF-bakken på Siplo, i 1939. Han har ski med «sukkertoppar» på og HIF-gensar. Torkjell (bruk 56/1) var svært god på ski. Da han gjekk på Valdres Folkehøgskule på Leira, vann han landsrenn i kombinert. Da fekk han Norges Skiforbunds pokal. Torkjell omkom i snøras i Galdane i 1942. Han skulle gå på besøk til Alf Thue, som var damvaktar på Kråkosen. Torkjell blei berre 30 år.

Stikkord: Berge | hoppbakke | konkuranse | Siplo | ski