Bergegrenda

Årstal: 1920-1929 | Kyrkjebø

Nyheim på Øvre Berge

Huslyden og husa på Nyheim, 56/3. Plassen gjekk ofte under namnet Nyekvia. Frå venstre Kari Berge, Lasse L. Berge, Ingebjørg Berge, Arne Berge på armen til mor, Marta Berge, Lidvin Berge og Johan Berge (Privat eige).

Garden blei råka av snøras i februar 1928. Det var mykje snø som nærmast var gått over til regn. Skredet tok våningshuset og slo løbygningen skeiv. Alle fem barna i huslyden blei tekne av raset. Dei tre yngste, Kari, Arne og Ingebjørg mista livet. Dei to eldste, Johan og Lidvin overlevde.

Stikkord: Nyekvia | Nyheim | snøskred