På nyåret i 1957 vart ny bru over Mjåsundet ved Sørestrand på øvre Lavikdal bygd. Her ser vi den siste brubjelken på veg gjennom svingen ved Stølsbotn. Håkon Bilsbakk køyrer fremst medan Karl Hellebø ryggar den bakarste lastebilen. Dei bytte på å køyre først, og her var eine staden dei bytte om. Dei bygde opp lasteplanet med plankar som dei la brubjelken på. Følgjebilen i venstre biletkant var køyrd av Sverre Engen, og hadde med utstyret som dei trengde. I tilegg nytta dei drosje som køyrde hjelpemannskapet. (Foto: Karl Gudmundsos. Privat eige/HIM)