Tralla ved K1

Årstal: 1950-1959 | Høyanger

Tralla var på 1950-talet den beste måten å komme seg opp på fjellet ved Siplo for folk i Høyanger. På den tid var det plass til 18 personar på tralla med ski og ryggsekkar. På ein travel føremiddag var det gjerne fleire hundre menneske som skulle til fjells, og da var det kø i trallestasjonen, og mange gjekk difor trappene i staden. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)