Frå byrjinga av 1930-talet vart mykje av mjølka frå Ortnevik levert i mjølkespann til Høyanger. Spanna kravde godt reinhald. Her ser vi Martha Brekke vaske mjølkespanna på Brekke 2/1 i 1976. Denne perioden kallar Gerd Brekke for «mjølkespanntida».
Frå midten av 1970-talet vart det vanleg å levere mjølk frå tank med tankbil på mange gardar i Høyanger kommune. Men i Ortnevik var det vanskelege transporttilhøve, og det var utfordrande å få tankbil heilt fram til gardane. Fram til mai 1982 vart det difor levert mjølk i spann til mjølkeruta på kaien. Ein kort periode var løysinga å levere mjølkespann til den nye ferjeruta som gjekk mellom Ortnevik og Nordeide. Arbeidet med vasking og transport av spann var tungt og arbeidskrevjande.
Den 11. juli 1983 kunne ein for første gong levere mjølk frå Brekke i Ortnevik med tankbil. Ifølgje gardbrukar på Brekke 2/1, Lasse Brekke, var dette ein festdag. (Foto: HHL/privat eige)