Om oss

Høyanger historielag vart skipa den 09.09.2009. Laget har til føremål å fremme interessa for lokalhistorie og kulturvern, samle inn og ta vare på alt som er av verdi for Høyanger kommune si historie og som kan fortelle om folk sine levekår gjennom tidene. Laget ønsker å vere aktivt og inkluderande og har til tider store og små arrangement. Historielaget har nærmare 300 medlemmer.

Årbok

Heilt sidan 2011 har Høyanger historielag gitt ut årbok. Laget oppretta ei årboknemd som er særs dedikert til arbeidet med både skrive sjølv, samt å hente inn historiar til bøkene. Ein legg vekt på her å ha artiklar frå store delar av kommunen i kvar utgåve.

Facebook

I 2013 oppretta historielaget ei Facebook gruppe, noko som over tid har blitt ein særs populær arena for spørsmål, informasjon og biletedeling. Gruppa har no over 2700 medlemmer. Dette har fungert fint som ein kanal ut til dei fleste medlemmene av laget.
Besøk Facebookgruppa>

Nettside

Nettsida vår har vore eit ønske om å få til over tid, og i 2022 er den endeleg her. Med denne har vi ein trygg plattform der vi gjer oss tilgjengelege, eig eit arkiv for bileter og dokument av historisk interesse, kan annonsere arrangementa våre og selje årbøker.

Lokalhistorie på biblioteket

I biblioteket i Høyanger er det ei eiga lokalhistorisk avdeling i første etasje. I denne avdelinga er det samla mykje lokalhistorisk lesestoff, deriblant våre eigne årbøker. Biblioteket held til over fleire etasjar i Høyanger samfunnshus, midt i sentrum.

Kven er vi?

Styret

Leiar – Gaute Ljotebø
Nestleiar – Bente Nesse
Skrivar – Reidar Hjetland
Kasserar – Bjørn Berge
Styremedlem – Bente Sæbø Øvreås
1. vara – Einar Rysjedal
2. vara – Nina Brekke 

Årboknemd

Jan Anders Timberlid
Bjørn Hjelmeland
Gaute Ljotebø

Valnemd

Jorun Systad
Sissel Tove Litzheim

Revisorar

Morten Torvund
Geir Ytredal

Vedtekter

Vedtekter for Høyanger historielag vedtekne på skipingsmøte den 9. september 2009.
Revidert på årsmøte 12. februar 2014: – § 4. Endra styresamansetning frå 7 til 5 medlemer.

§ 1.
Laget har til føremål å fremje interessa for lokalhistorie og kulturvern, samle inn og ta vare på alt som er av verdi for Høyanger kommune si historie og som kan fortelje om folk sine levekår gjennom tidene.

§ 2. Verksemd.
For å nå føremålet kan laget, i samarbeid med aktuelle offentlege organ og frivillige organisasjonar:
– arrangere møte, kurs, ekskursjonar, registreringar, innsamling av munnleg tradisjon, musikk, målføre, stadnamn, fotografi og anna av historisk interesse. – arbeide for at det kan verte utgjeve og formidla lokalhistorisk materiale i trykt eller digital form. – arbeide for vern av fornminne og kulturminne av alle slag i kommunen.

§ 3.
Medlemer av laget er: -årsmedlemer som betalar den årlege kontingenten. Kontingenten vert fastsett av årsmøtet. Utmelding av laget må skje skriftleg.

§ 4.
Laget skal leiast av eit styre på 5 medlemer med 2 varamedlemer.
Årsmøtet vel: a. Leiar, nestleiar, sekretær, kasserar og styremedlem for 2 år. Det vil seie at 3 eller 2 styremedlemer er på val kvart år. b. 2 varamedlemer for 1 år. c. 2 revisorar for 2 år. Det vil sei at 1 blir valt annan kvart år. d. Valnemnd på 3 medlemer for 1 år. Styret vert samankalla av leiaren. Styremedlemene skal få innkalling minst 3 dagar før møtet. Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er til stades. Styret kan utpeike nemnder til å ta seg av særskilde arbeidsoppgåver. Varamedlemene skal ha tilsendt sakspapir.

§ 5.
Rekneskapen skal førast for kvart kalenderår og leggjast fram for årsmøtet til godkjenning i revidert stand.

§ 6.
Årsmøte vert halde kvart år innan utgangen av februar. Det skal gjerast kjent i lokalavisene med 4 vekers varsel. Årsmøtet skal behandle: a. Årsmelding b. Revidert rekneskap
c. Fastsetjing av medlemspengar d. Budsjett e. Innkomne framlegg
f. Val Alle som møter og har betalt medlemspengar for siste år, kan røyste. Saker som det
er ønskjeleg å handsame på årsmøtet, må vere innkomne til styret seinast 14 dagar på
førehand.

§ 7.
Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn når styret vedtek det eller når 10 røysteføre medlemar krev det. For innkalling og varsel gjeld same reglar som for årsmøtet. Ekstraordinært årsmøte kan berre behandle den eller dei sakene som er annonserte i innkallinga.

§ 8.
Lovendringar kan gjerast på årsmøtet med 2/3 fleirtal.

§ 9.
Oppløysing av laget kan skje når 2 på einannan følgjande årsmøte vedtek det med 2/3 fleirtal. Lagets arkiv, aktiva og middel går over til Høyanger Industristadmuseum.

Kontakt oss

Styreleiar Gaute Ljotebø: 99 59 41 57

Kasserar Bjørn Berge: 95 89 10 42

Kontonr.: 3705.16.56254
Vipps: 580374

Organisasjonsnr.: 994671243