Jonsokbryllaup med fylgje i Ortnevik rundt 1947 "Brudeparet" er Sunni Jorunn Thune og Gerd Fitje (ingen gutar torde å vere brudgom!). Biletet er teke ved nausta på Øyra i Ortnevik. Sitjande frå venstre: Martha Brekke, Anna Brekke, Kjell Hustavenes, Astrid Brekke,...
1940-1949
Barn og lastebilar i eit gardstun i Ortnevik
Her ser vi ein barneflokk og to lastebilar i tunet på Øvre Tune 3/1. Fotografiet er teke rundt 1945-47. Frå venstre ser vi Sunni Jorunn Thune, Gerd Fitje, Eva Svingen (mora var kokke for arbeidslag som hogde ved i bygda), Paul Geir Thune og Gunda Aud Thune. Hunden er...
Høytaking i Ortnevik
I slåtten i Høydalen i Ortnevik på bruk Øvre Tune 3/1 rundt 1950. Ingvar Bård Thune sit i høyvogna medan Gunnar Thune rakar i hop høy. (Foto: Privat eige)
Skitur til Fodnestølen
Ein gjeng med ungdomar frå Ortnevik har teke ein skitur til Fodnesstølen rundt 1950. Frå venstre Einar Oppedal, Arne Tveit, Lasse Brekke som sit på hunden Jack, Kåre Østerbø, Oddvar Fitje som står oppe på taket til eit sel, Oddvar Bjordal, Inger Brekke, Ruth Fitje og...
Ortnevik skipsbyggeri
På 1940-talet var det eit skipsbyggeri i drift i Ortnevik. Her ser vi personar tilknytt Ortnevik skipsbyggeri på dekket til ei av skøytene som var bygd mot slutten av 1940-talet. Framme fv: Leiar skip Johan Malkenes, ukjent, butikkdame Brynhild Takle,...
Ortnevik skipsbyggeri
På 1940-talet var det eit skipsbyggeri i drift i Ortnevik. Her ser vi ein av småbåtane under bygging. (Privat eige/HIM) (Årbok Høyanger 2011. Foto: Privat eige/HIM)
Ortnevik skipsbyggeri
På 1940-talet var det eit skipsbyggeri i Ortnevik. Her ser vi den 110 fot lange ”Dreggen” som var den første og største skøyta som vart bygd ved Ortnevik skipsbyggeri. (Ein norsk fot på 1940-talet tilsvarte 31,37 cm. 110 er då om lag 34,5 m.) (Årbok Høyanger 2011....
Ortnevik skipsbyggeri
På 1940-talet var det eit skipsbyggeri i drift i Ortnevik. Skøyta ”Brevoll” vart bygd under krigen, flaggmerket på sida fortel at den var i norsk innanriksfart. Båten hamna i følgje skipsnr. ”T-4 9-I” i Troms fylke og i Ibestad kommune. (Årbok Høyanger 2011. Foto:...
Ortnevik skipsbyggeri
På 1940-talet var det eit skipsbyggeri i drift i Ortnevik. Her ser vi ei skøyte blir sjøsett frå beddingen. (Årbok Høyanger 2011. Foto: Privat eige/HIM)
Ortnevik skipsbyggeri
På 1940-talet var det eit skipsbyggeri i drift i Ortnevik. Her ser vi ei skøyte på beddingen. (Årbok Høyanger 2011. Foto: Privat eige/HIM)










