1950-1959

Gardsbruket Øvrebø i Ortnevik

Gardsbruket Øvrebø i Ortnevik

På biletet ser vi garden Øvrebø (Nedre Tune 4/4 Øvrebø) øverst. Dette gardsbruket vart skilt ut frå Fastingarden i 1879. Husa vi ser er frå venstre vedhus (fremst) bak dette står fjøsen, løa, bak løa ser ein i hovudhuset som var bygd rundt 1880. Heilt til høgre står...

Høytaking i Ortnevik

Høytaking i Ortnevik

I slåtten i Høydalen i Ortnevik på bruk Øvre Tune 3/1 rundt 1950. Ingvar Bård Thune sit i høyvogna medan Gunnar Thune rakar i hop høy. (Foto: Privat eige)

Høytaking i Ortnevik

Høytaking i Ortnevik

I slåtten i Høydalen i Ortnevik rundt midten på 1950-talet på bruk Øvre Tune 3/1. Ingvar Bård Thune og feriegjest Rolf Jacobsen lesser høyvogna. (Foto: Privat eige)

Høytaking i Ortnevik

Høytaking i Ortnevik

I slåtten i Høydalen i Ortnevik på bruk Øvre Thune 3/1 rundt midten på 1950-talet. Frå venstre Sunni Jorunn Thune og feriegjest Joan Jacobsen i arbeid med rivene. (Foto: Privat eige)

Tre gutar på ei tønne

Tre gutar på ei tønne

Tre gutar på ei tønne på kaien i Høyanger. Torfinn Fimreite i midten. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)

Farvel

Farvel

-Farvel. Ein førstreisgut som skal mønstre ut i Bergen er ombord på Fylesbåtane sin "Sognefjord" som nettopp har lagt frå kai i Høyanger. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)

Rutebåt ved kai

Rutebåt ved kai

"Sognefjord" ved kai i Høyanger. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)

«Pirren»

«Pirren»

Thorvald "Pirren" Øy tek korner på Sletta i Høyanger. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)