1980-1989

Turistvert Anders Øvrebø i Ortnevik

Turistvert Anders Øvrebø i Ortnevik

Turistar og utstyr på veg over til "Eitrheim" påsken 1980 i Ortnevik. Tursitvert Anders Øvrebø sørger for at skia blir trygt levert. Frå venstre ved hesten Georg Skogly og Anders Øvrebø. Dei andre er ukjende. Hunden Rapp under kjerra, er handelsmann Hansen sin.(Foto:...

Mjølkebåten i Ortnevik

Mjølkebåten i Ortnevik

Lasting av mjølkespann ombord i "Eitrheim" påsken 1980 i Ortnevik. Frå byrjinga på 1930-talet vart mykje av mjølka i Ortnevik levert i mjølkespann til Høyanger.  Fram til mai 1982 vart det levert mjølk i spann til mjølkeruta på kaien. Ein kort periode var løysinga å...

Turistvert Anders Øvrebø i Ortnevik

Turistvert Anders Øvrebø i Ortnevik

Skiutstyr på kjerra på kaia i Ortnevik påsken 1980 i Ortnevik. Dei kjem frå Øvrebø der dei har overnatta hos turisvert Anders Øvrebø. Personen ein dreg kjemsel på er Anders Brekke og Kristi Brekke som er delvis skjult bak hesten. Fremst i døra står Georg Skogly. Lasse...

Turistvert Anders Øvrebø i Ortnevik

Turistvert Anders Øvrebø i Ortnevik

Anders Øvrebø var bonde og turistvert på Øvrebø i Ortnevik. Her ser vi han pakkar opp hestekjerra med utstyr til turistar i tunet påsken 1980. Hesten Aronia dreg utstyret til mjølkebåten på kaia. (Foto: Øivind Øvrebotten)

Skiftarbeid på Serie C

Skiftarbeid på Serie C

I åra 1980 og 1981 arbeidde Geir Ivar Ramsli på aluminiumsfabrikken i Høyanger. Han hadde fotografiapparatet med seg på jobb og tok fleire bilete frå arbeidslivet på "verket". Mellom anna tok han ein serie fotografi der han portretterte tre omspassarer og arbeidet...

Skiftarbeid på Serie C

Skiftarbeid på Serie C

Ragnar Strandos frå Austreim på Kyrkjebø tek seg ein pause i ei kvilebu på Serie C ved aluminiumsfabrikken i Høyanger tidleg på 1980-talet. Han gjekk av med pensjon i 1983.  (Foto: Geir Ivar Ramsli/privat eige)

Skiftarbeid på Serie c

Skiftarbeid på Serie c

Omnspassar Arne Austreim frå Austreim på Kyrkjebø tek seg ein pause i ei kvilebu på Serie C ved aluminiumsfabrikken i Høyanger tidleg på 1980-talet. Han var gjerne omtalt som "Arne i Bakken" etter garden han kom frå på Austreim som gjekk under bruksnamnet Bakken....

Skiftarbeid på Serie C

Skiftarbeid på Serie C

Omnspassar Håkon Austreim tek seg ein kvil i ei kvilebu på Serie C. Nistveska er godt plassert på bordet saman med mjølka. Mjølka var god og næringsrik tørstedrikk på ein tidvis heit arbeidsplass, der ein ofte måtte løyse svetten. (Foto: Geir Ivar Ramsli/privat...

Skiftarbeid på Serie C

Skiftarbeid på Serie C

Omnspassar Håkon Austreim køyrer kran på Serie C. Det ser ut som han skal til å løfte opp ei helle. Desse hellene var gjerne omtalt som "C-heller", og var plassert rundt omnen. Brukte "C-heller" finn ein fleire stader i Høyanger, mellom anna i småbåthamna i...

Skiftarbeid på Serie C

Skiftarbeid på Serie C

Omnspassar Håkon Austreim tek bluss på serie C. Som ein ser nyttar han her ein staur. Stauren vart stukken inn i omnen for å brenne av uønska gassar som oppstår i samband med elektrolyseprossesen. (Foto: Geir Ivar Ramsli/privat eige)