Tre gutar på ei tønne på kaien i Høyanger. Torfinn Fimreite i midten. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)
Høyanger
Tre gutar på ei tønne
-Når eg blir stor skal eg til sjøs. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)
Farvel
-Farvel. Ein førstreisgut som skal mønstre ut i Bergen er ombord på Fylesbåtane sin "Sognefjord" som nettopp har lagt frå kai i Høyanger. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)
Rutebåt ved kai
"Sognefjord" ved kai i Høyanger. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)
Gamle koner på kaia
-Får vel snart heim å lage middag.(Foto: Anders Fimreite/privat eige)
«Pirren»
Thorvald "Pirren" Øy tek korner på Sletta i Høyanger. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)
Fagforengens musikklag
Fagforeningens musikklag framfor Folkets Hus. Henry "Suen" Sviggum på stortromma og "Proffen" Pedersen på tuba. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)
Murgården på Sæbøtangen
Barn i leik i Murgården på Sæbøtangen i Høyanger. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)
Fisking frå kaia
Fisking etter gandaråte på kaia. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)
Tralla ved K1
Tralla var på 1950-talet den beste måten å komme seg opp på fjellet ved Siplo for folk i Høyanger. På den tid var det plass til 18 personar på tralla med ski og ryggsekkar. På ein travel føremiddag var det gjerne fleire hundre menneske som skulle til fjells, og da var...










