Mjølkebåten "Eitrheim" til kai i Ortnevik sommaren 1977. Reisande og bygdefolket har samla seg på kaia. (Foto: Øivind Øvrebotten)
Ortnevik og Strendene
Mjølketransport
Anders Øvrebø på veg til kaien i Ortnevik med hesten Aronia med to mjølkespann på kjerra sommaren 1977. (Foto: Øivind Øvrebotten)
Gardsbruket Øvrebø i Ortnevik
På biletet ser vi garden Øvrebø (Nedre Tune 4/4 Øvrebø) øverst. Dette gardsbruket vart skilt ut frå Fastingarden i 1879. Husa vi ser er frå venstre vedhus (fremst) bak dette står fjøsen, løa, bak løa ser ein i hovudhuset som var bygd rundt 1880. Heilt til høgre står...
Jonsokbryllaup i Ortnevik
Jonsokbryllaup med fylgje i Ortnevik rundt 1947 "Brudeparet" er Sunni Jorunn Thune og Gerd Fitje (ingen gutar torde å vere brudgom!). Biletet er teke ved nausta på Øyra i Ortnevik. Sitjande frå venstre: Martha Brekke, Anna Brekke, Kjell Hustavenes, Astrid Brekke,...
Høytaking i Ortnevik
I slåtten i Høydalen i Ortnevik på bruk Øvre Tune 3/1 rundt 1950. Ingvar Bård Thune sit i høyvogna medan Gunnar Thune rakar i hop høy. (Foto: Privat eige)
Høytaking i Ortnevik
I slåtten i Høydalen i Ortnevik rundt midten på 1950-talet på bruk Øvre Tune 3/1. Ingvar Bård Thune og feriegjest Rolf Jacobsen lesser høyvogna. (Foto: Privat eige)
Høytaking i Ortnevik
I slåtten i Høydalen i Ortnevik på bruk Øvre Thune 3/1 rundt midten på 1950-talet. Frå venstre Sunni Jorunn Thune og feriegjest Joan Jacobsen i arbeid med rivene. (Foto: Privat eige)
Skitur til Fodnestølen
Ein gjeng med ungdomar frå Ortnevik har teke ein skitur til Fodnesstølen rundt 1950. Frå venstre Einar Oppedal, Arne Tveit, Lasse Brekke som sit på hunden Jack, Kåre Østerbø, Oddvar Fitje som står oppe på taket til eit sel, Oddvar Bjordal, Inger Brekke, Ruth Fitje og...
På skøyter i Ortnevik
Her ser vi frå venstre Magne Fitje, Ingvard Thune, Olav Fitje og Oddvar Fitje med skøyter på Vassdalsvatnet i Ortnevik vinteren 1954. Det ser ut til at Ingvard Thune er noko betre skodd en dei andre. Han var ein aktiv konkuranseløpar og deltok på fylkesmeisterskapen...
Terrengløp i Ortnevik
Her ser vi frå venstre Kåre Østerbø, Arvid Bjordal, Jon Dyrrdal (karen bak er ukjend), Gudleik Bjordal, Gunvald Jenssen, ukjend og Gunnar Mjølsvik på startstreken i eit terrengløp i Ortnevik 16. mai 1953. Biletet er teke på Krambuplassen. Guten i midten bak med...










