På tur til Lavikdalen. Under vegen; frå venstre, vikarpresten i Lavik Peter Elisæus Marstrander, guvernanten frøken Hauken Wiig og Rikka Trædal. Oppe på vegen står Ragnhild Trædal og Else Trædal. Marstrander vart seinare professor og rektor ved det teologiske...
elv
Gardsbruket Øvrebø i Ortnevik
På biletet ser vi garden Øvrebø (Nedre Tune 4/4 Øvrebø) øverst. Dette gardsbruket vart skilt ut frå Fastingarden i 1879. Husa vi ser er frå venstre vedhus (fremst) bak dette står fjøsen, løa, bak løa ser ein i hovudhuset som var bygd rundt 1880. Heilt til høgre står...
Flaumkatastrofen i Høyanger 2/11 1971
Mykje av Storgata vart rive bort av flaumen, den grov seg nesten inn til butikken til Johan Øren og til Samvirkelaget. (Foto: Nils Brekke)
Flaumkatastrofen i Høyanger 2/11 1971
Storflaumen sett frå Sæbøsida over mot Parken og Kloumans allé. (Foto: Nils Brekke)
Flaumkatastrofen i Høyanger 2/11 1971
Ved Elvegata ovanfor Øren hotell, med parken i bakgrunnen. G.H. Ørens forretning er smadra. (Foto: Nils Brekke)
Flaumkatastrofen i Høyanger 2/11 1971
Her har elva brote seg gjennom til Elvegata ovanfor Øren hotell. (Foto Nils Brekke)
Flaumkatastrofen i Høyanger 2/11 1971
Fundamentet til "Storebrua" i sentrum vart undergrave, ingen av bruene kunne brukast. (Foto: Nils Brekke)
Flaumkatastrofen i Høyanger 2/11 1971
Mykje av grunnen langs elva vart skylt med i flaumen. Det offentlege toalettet ligg midt i elva. Sjukehuset og Parken i bakgrunnen. (Foto: Nils Brekke)
Flaumkatastrofen i Høyanger 2/11 1971
Ved gangbrua til Øvre Sæbø, eit skadd hus (Grønlihuset) blir rive. (Foto: Nils Brekke)
Flaumkatastrofen i Høyanger 2/11 1971
Det var nære på for desse husa på Øvre Sæbø, ved gangbrua. Det nedste huset (Grønlihuset) måtte seinare rivast. (Foto: Nils Brekke)










