flom

Flaumkatastrofen i Høyanger 2. november 1971

Flaumkatastrofen i Høyanger 2. november 1971

På biletet har Sogn Dagblad rissa inn så nokolunde det elva sopa bort på nokre timar. Midt i elveleiet det kommunale betong-toalettet, i bakgrunnen Storebrua på "halv åtte". Det var fundamentet som knakk saman. (Norvald Stedje, Sogn Dagblad/HIM)

Flaumkatastrofen i Høyanger 2. november 1971

Flaumkatastrofen i Høyanger 2. november 1971

Som ein tornado buldra elva gjennom staden, feia med seg to bruer, sette to andre ut av spel, fekk svære elveforbyggingar til å rase saman som korthus for så å spyle på sjøen tusenvis av kubikkmeter jord og stein. (Norvald Stedje, Sogn Dagblad/HIM)

Flaumkatastrofen i Høyanger 2. november 1971

Flaumkatastrofen i Høyanger 2. november 1971

Først på morgonsida den 3. november 1971 byrja Høyanger-folk å få eit oversyn over dei veldige skadane. Daleelva hadde framleis flaumvassføring då dette biletet vart teke, men hadde minka mykje sidan katastrofekvelden 2. nov. (Norvald Stedje, Sogn Dagblad/HIM)