gardstun

Turistvert Anders Øvrebø i Ortnevik

Turistvert Anders Øvrebø i Ortnevik

Anders Øvrebø var bonde og turistvert på Øvrebø i Ortnevik. Her ser vi han pakkar opp hestekjerra med utstyr til turistar i tunet påsken 1980. Hesten Aronia dreg utstyret til mjølkebåten på kaia. (Foto: Øivind Øvrebotten)

Gardsbruket Øvrebø i Ortnevik

Gardsbruket Øvrebø i Ortnevik

På biletet ser vi garden Øvrebø (Nedre Tune 4/4 Øvrebø) øverst. Dette gardsbruket vart skilt ut frå Fastingarden i 1879. Husa vi ser er frå venstre vedhus (fremst) bak dette står fjøsen, løa, bak løa ser ein i hovudhuset som var bygd rundt 1880. Heilt til høgre står...

Barn og lastebilar i eit gardstun i Ortnevik

Barn og lastebilar i eit gardstun i Ortnevik

Her ser vi ein barneflokk og to lastebilar i tunet på Øvre Tune 3/1. Fotografiet er teke rundt 1945-47. Frå venstre ser vi Sunni Jorunn Thune, Gerd Fitje,  Eva Svingen (mora var kokke for arbeidslag som hogde ved i bygda), Paul Geir Thune og Gunda Aud Thune. Hunden er...

Høytaking i Ortnevik

Høytaking i Ortnevik

I slåtten i Høydalen i Ortnevik på bruk Øvre Tune 3/1 rundt 1950. Ingvar Bård Thune sit i høyvogna medan Gunnar Thune rakar i hop høy. (Foto: Privat eige)

Ortnevik

Ortnevik

Oversiktsbilete av Ortnevik. (Foto: ukjent fotograf/privat eige)

Kyrkjebø og Ramsli, kyrkje- og handelsstad

Kyrkjebø og Ramsli, kyrkje- og handelsstad

Kykjebø saman med Ramsli var på slutten på 1800-talet ein vitig handelstad for mange i gamle Kyrjebø herad. I den samanheng var kombinasjonen kyrje- og handelsstad viktig, der kyrsøndagar var ein travel handelsdag. Dei dagane fekk tilreisande kyrkjefolk som elles...

Kyrkjebø, kyrkje- og handelsstad

Kyrkjebø, kyrkje- og handelsstad

Kyrkjebø var samna med Ramsli senteret i gamle Kyrkjebø herad. Her var kyrkje, handels- og handverksverksemd, post, skule og lensmann, "Kyrkjebø slik det såg ut i 1896. Biletet er teke frå Kyrkjeneset. Den staselege kyrkja frå 1869 til venstre. Midt i biletet ser ein...

Bryllaup, Anton og Borghild Ljotebø

Bryllaup, Anton og Borghild Ljotebø

12. juni 1937 gifte Anton og Borghild (f. Kyrkjebø) seg i Kyrkjebø kyrkje. Her ser vi brudeparet i karjolen i tunet på Ljotebø saman med resten av brurefølgjet. Biletet er truleg teke i samband med avreise til kyrkja før sjølve bryllaupet. Brura Borghild ser ut til å...

Bergegrenda

Bergegrenda

Familien og husa til bruk 55/3 på Ytre Berge Familien og husa til bruk 55/3 på Ytre Berge. Biletet er frå 1910. Kårfolket sit framme, Endre H. Berge ogt Brita Berge (f. Austreim) med barnebarnet Eiliv Berge på fanget. Bak frå venstre Brita H. Berge, Else H. Berge,...

Bergegrenda

Bergegrenda

Familien og våningshuset på bruk 55/4 Familien og våningshuset på Berge ytre 55/4 omkring 1910. Frå venstre Anton Berge, Lasse E. Berge, Einar L. Berge, Sofie Berge (f. Vamråk) , Ingebjørg Berge, Pernille Berge og Astrid Berge. (Privat eige)