Turistar og utstyr på veg over til "Eitrheim" påsken 1980 i Ortnevik. Tursitvert Anders Øvrebø sørger for at skia blir trygt levert. Frå venstre ved hesten Georg Skogly og Anders Øvrebø. Dei andre er ukjende. Hunden Rapp under kjerra, er handelsmann Hansen sin.(Foto:...
hest
Turistvert Anders Øvrebø i Ortnevik
Skiutstyr på kjerra på kaia i Ortnevik påsken 1980 i Ortnevik. Dei kjem frå Øvrebø der dei har overnatta hos turisvert Anders Øvrebø. Personen ein dreg kjemsel på er Anders Brekke og Kristi Brekke som er delvis skjult bak hesten. Fremst i døra står Georg Skogly. Lasse...
Turistvert Anders Øvrebø i Ortnevik
Anders Øvrebø var bonde og turistvert på Øvrebø i Ortnevik. Her ser vi han pakkar opp hestekjerra med utstyr til turistar i tunet påsken 1980. Hesten Aronia dreg utstyret til mjølkebåten på kaia. (Foto: Øivind Øvrebotten)
Mjølkebåt i Ortnevik
"Tansøy" ved kai i Ortnevik sommeren 1977. Anders Øvrebø leverer fotturistar. Det ser ut som tomspanna frå Høyanger alt er lasta på kaia. (Foto: Øivind Øvrebotten)
Mjølketransport
Anders Øvrebø på veg til kaien i Ortnevik med hesten Aronia med to mjølkespann på kjerra sommaren 1977. (Foto: Øivind Øvrebotten)
Høytaking i Ortnevik
I slåtten i Høydalen i Ortnevik rundt midten på 1950-talet på bruk Øvre Tune 3/1. Ingvar Bård Thune og feriegjest Rolf Jacobsen lesser høyvogna. (Foto: Privat eige)
Bryllaup, Anton og Borghild Ljotebø
12. juni 1937 gifte Anton og Borghild (f. Kyrkjebø) seg i Kyrkjebø kyrkje. Her ser vi brudeparet i karjolen i tunet på Ljotebø saman med resten av brurefølgjet. Biletet er truleg teke i samband med avreise til kyrkja før sjølve bryllaupet. Brura Borghild ser ut til å...
Det gamle kraftverket i Måren
Det første kraftverket i Måren kom i drift hausten 1953. Her ser vi transport av røyrgate. Fv. Lars Flatebø og Ragnar Orvedal med «Orvedalsmerra». (Foto: privat eige)
Det gamle kraftverket i Måren
Det første kraftverket i Måren kom i drift hausten 1953. Her ser vi transport av røyrgate. Fv. Hans Runnestø, Gerhard Daae og Ragnar Orvedal med «Orvedalsmerra». Bygdefolket dreiv kraftverket til slutten av 1980-talet, då vart det overteke av Vadheim kommunale...









