I åra 1980 og 1981 arbeidde Geir Ivar Ramsli på aluminiumsfabrikken i Høyanger. Han hadde fotografiapparatet med seg på jobb og tok fleire bilete frå arbeidslivet på "verket". Mellom anna tok han ein serie fotografi der han portretterte tre omspassarer og arbeidet...
hjelm
Skiftarbeid på Serie C
Omnspassar Håkon Austreim tek seg ein kvil i ei kvilebu på Serie C. Nistveska er godt plassert på bordet saman med mjølka. Mjølka var god og næringsrik tørstedrikk på ein tidvis heit arbeidsplass, der ein ofte måtte løyse svetten. (Foto: Geir Ivar Ramsli/privat...
Skiftarbeid på Serie C
Omnspassar Håkon Austreim køyrer kran på Serie C. Det ser ut som han skal til å løfte opp ei helle. Desse hellene var gjerne omtalt som "C-heller", og var plassert rundt omnen. Brukte "C-heller" finn ein fleire stader i Høyanger, mellom anna i småbåthamna i...
Skiftarbeid på Serie C
Omnspassar Håkon Austreim tek bluss på serie C. Som ein ser nyttar han her ein staur. Stauren vart stukken inn i omnen for å brenne av uønska gassar som oppstår i samband med elektrolyseprossesen. (Foto: Geir Ivar Ramsli/privat eige)
Skiftarbeid på Serie C
Omnspassar Håkon Austreim loggfører status til omn på Serie C ved aluminiumsfabrikken i Høyanger tidleg på 1980-talet. (Foto: Geir Ivar Ramsli/privat eige)
Veganlegget Bjordal-Søreide
Ein del av arbeidsstokken på veganlegget Bjordal-Søreide på midten av 1970-talet. Frå venstre ser vi Harald Søreide, Langhelle, Anders Søreide (bak) og formann Åstveit til høgre. (Årbok Høyanger 2018, Veganlegget Bjordal-Søreide, Anders Søreide. Foto: Arne Olav...