På tur til Lavikdalen. Under vegen; frå venstre, vikarpresten i Lavik Peter Elisæus Marstrander, guvernanten frøken Hauken Wiig og Rikka Trædal. Oppe på vegen står Ragnhild Trædal og Else Trædal. Marstrander vart seinare professor og rektor ved det teologiske...
Ludvig Trædal
Distriktslækjar Ludvig Trædal sitt blikk på Lavik, Ringereide
Ringereide i Lavik, bruk 2, 1908–1912. Her budde Mons Ringereide, mangeårig ordførar i Lavik kommune. Mons var gift med Ludvig Trædal si tante. Ludvig Tædal og familien budde der første tida då han kom til Lavik i 1898. Året etter flytte han til Værholmen. Vegen ein...
Distriktslækjar Ludvig Trædal sitt blikk på Lavik, tur til Støytet
Tur til Støytet. Kona til Ludvig Trædal, Ragnhild Trædal med guvernante frøken Hauken Wiig. Støytet var ein stad innover gamlevegen ved Støytneset der som var laga til med murte stolar og bord. I tillegg var her og beplanta. Vegen er no lagt om. Fotografiet er teke i...
Distriktslækjar Ludvig Trædal sitt blikk på Lavik, motorbåt
Distriktslækjar Ludvig Trædal i motorrommet på motorbåten «Aktiv». Trædal fekk montert ein motor på 4 hk i ein livbåt han kjøpte i 1904. Dette var eit stort framsteg. No kunne han dra ut på fjorden åleine når han skulle på sjukebesøk. Før dette kom det gjerne folk og...
Distriktslækjar Ludvig Trædal sitt blikk på Lavik, motorbåt
Ludvig Trædal hadde eit stort distrikt å dekkje i ei tid då fjorden var den beste transportvegen. For å kome seg raskast mogleg rundt, ordna han seg med motorbåt. Dette er den første han hadde, med namnet «Aktiv». Det var ein gammal livbåt som han kjøpte i 1904....
Distriktslækjar Ludvig Trædal sitt blikk på Lavik, brureferd
Brureferd i Lavik. Kari Hansdotter Bilsbakke og Torkjell Monsen Oppedal gifte seg 9. juni 1910. Fotografiet er teke frå bryggja på Kvammen i Lavik. Det store kvite huset er "doktorgarden", bygd i 1910. På Svarteberget nedanfor ligg huset til søskena Olav og Ellen...
Distriktslækjar Ludvig Trædal sitt blikk på Lavik, fiske
Storfangst: ei lange. Ludvig Trædal sjølv til høgre, Mons Lavik til venstre, kring 1907–1910. (Foto: Ludvig Trædal/Karl-Ludvig Grønhaug) Lenke: Ludvig Trædal foto: Karl-Ludvig Grønhaug
Distriktslækjar Ludvig Trædal sitt blikk på Lavik, slekta
Her ser vi nokre av Ludvig Trædal sine slektningar; frå venstre tante Mari (f. Trædal ) Stegestrand (i Hyllestad) (1835-1912), onkel Nils «Gjerde-Nils» Trædal (1838-1936), og onkel Hans «Brekke-Hans» (f. Trædal) Bilsbakke (1841-1927) i tunet til Mons Lavik i1907-1908....
Distriktslækjar Ludvig Trædal sitt blikk på Lavik, familien
Ludvig Trædal med kone og to av borna i 1907. Frå venstre Rikka, Ludvig, Ragnhild og Else Trædal. Fotografiet er truleg teke i tunet til Mons Lavik på Indre Lavk (Foto: Ludvig Trædal/Karl-Ludvig Grønhaug) Lenke: Ludvig Trædal foto: Karl-Ludvig Grønhaug
Distriktslækjar Ludvig Trædal sitt blikk på Lavik, Lavik oversikt
Utsikt over Lavik kring 1920. Nærmast ligg gardstunet til Indre Lavik, der familien til Mons Lavik på den tida budde og dreiv garden. I dette tunet budde òg familien til distriktslækjar og fotograf Ludvig Trædal ein periode fram til 1910. Bakanfor tunet ser ein...










