Ragnar Strandos frå Austreim på Kyrkjebø tek seg ein pause i ei kvilebu på Serie C ved aluminiumsfabrikken i Høyanger tidleg på 1980-talet. Han gjekk av med pensjon i 1983. (Foto: Geir Ivar Ramsli/privat eige)
portrett
Skiftarbeid på Serie c
Omnspassar Arne Austreim frå Austreim på Kyrkjebø tek seg ein pause i ei kvilebu på Serie C ved aluminiumsfabrikken i Høyanger tidleg på 1980-talet. Han var gjerne omtalt som "Arne i Bakken" etter garden han kom frå på Austreim som gjekk under bruksnamnet Bakken....
Skiftarbeid på Serie C
Omnspassar Håkon Austreim tek seg ein kvil i ei kvilebu på Serie C. Nistveska er godt plassert på bordet saman med mjølka. Mjølka var god og næringsrik tørstedrikk på ein tidvis heit arbeidsplass, der ein ofte måtte løyse svetten. (Foto: Geir Ivar Ramsli/privat...
Skiftarbeid på Serie C
Omnspassar Håkon Austreim køyrer kran på Serie C. Det ser ut som han skal til å løfte opp ei helle. Desse hellene var gjerne omtalt som "C-heller", og var plassert rundt omnen. Brukte "C-heller" finn ein fleire stader i Høyanger, mellom anna i småbåthamna i...
Bryllaup, Anton og Borghild Ljotebø
12. juni 1937 gifte Anton og Borghild (f. Kyrkjebø) seg i Kyrkjebø kyrkje. Her ser vi dei på veg heim frå kyrkja på bygdevegen. (Foto: Lars Kornberg/privat eige)
Bryllup på Berge 3
Brudeparet Gunvor f. Berge og Erling Øyehaug gifta seg på Berge i 1932. Gunvor vaks opp på Ytre Berge, bruk 55/1. Ho var dotter av (Anna) Bertina og Eystein. Erling budde, saman med foreldre og søsken, i kårhuset hos Eystein og Bertina ei tid.. Erling Øyehaug var ein...
Bryllup på Berge 1
Astrid og Odd Berge giftar seg på Berge i 1938. Astrid vaks opp på Indre Berge, på bruk 57/3. Astrid vaks opp på Indre Berge, på bruk 57/3. Odd var son av Eystein og Bertina og vaks opp på Ytre Berge, på bruk 55/1. Dei overtok og dreiv bruk 55/1 vidare.