Skiutstyr på kjerra på kaia i Ortnevik påsken 1980 i Ortnevik. Dei kjem frå Øvrebø der dei har overnatta hos turisvert Anders Øvrebø. Personen ein dreg kjemsel på er Anders Brekke og Kristi Brekke som er delvis skjult bak hesten. Fremst i døra står Georg Skogly. Lasse...
ski
Turistvert Anders Øvrebø i Ortnevik
Anders Øvrebø var bonde og turistvert på Øvrebø i Ortnevik. Her ser vi han pakkar opp hestekjerra med utstyr til turistar i tunet påsken 1980. Hesten Aronia dreg utstyret til mjølkebåten på kaia. (Foto: Øivind Øvrebotten)
Tralla ved K1
Tralla var på 1950-talet den beste måten å komme seg opp på fjellet ved Siplo for folk i Høyanger. På den tid var det plass til 18 personar på tralla med ski og ryggsekkar. På ein travel føremiddag var det gjerne fleire hundre menneske som skulle til fjells, og da var...
Skitur i Høyangerfjellet
Frå venstre ser vi Tor Wormsen, Kari Giskeødegård og Elias Giskeødegård ute i skiløypa ein stad i Høyangerfjellet. (Foto: Anders Fimreite/privat eige)
Skitur til Fodnestølen
Ein gjeng med ungdomar frå Ortnevik har teke ein skitur til Fodnesstølen rundt 1950. Frå venstre Einar Oppedal, Arne Tveit, Lasse Brekke som sit på hunden Jack, Kåre Østerbø, Oddvar Fitje som står oppe på taket til eit sel, Oddvar Bjordal, Inger Brekke, Ruth Fitje og...
Damvaktar på Grimsosen
Lars Stendal, damvaktar på Grimsosen. Her med hunden Jack. Stendal budde i huset rett bak han. Same huset hadde leiligheit på baksida. Den leiligheita var for elektrikarar, som måtte overnatte. Elles var det mange som budde der i ferie og på fridagar. Til høgre kan vi...
Skihoppar i HIF-bakken 2
Torkjell Berge står framfor HIF-bakken på Siplo, i 1939. Han har ski med "sukkertoppar" på og HIF-gensar. Torkjell (bruk 56/1) var svært god på ski. Da han gjekk på Valdres Folkehøgskule på Leira, vann han landsrenn i kombinert. Da fekk han Norges Skiforbunds pokal....
Skihoppar i HIF-bakken 1
Det var mange gode skihopparar i Høyangerområdet midt på 1900-talet. Her er Einar Edvardson Berge (bruk 57/3) i svevet, i HIF-bakken på Siplo. Bjarne Sæbøe står på hoppet. Mykje folk ved bakken!








