støl

Nyestølen til Ljotebø, mjølking

Nyestølen til Ljotebø, mjølking

Biletet er teke på Nyestølen til Ljotebø som og Merket nytta. Nærmast ser ein i selet til Ljotebø, bygningen i bakant var fjøsen. Frå venstre ser vi Anton Ljotebø, Lisa Ljotebø, Sigrid Ljotebø som mjølkar ei kyr, Olga Øyre og Ingeborg Merket. (Privat eige)

Nyestølen til Ljotebø, stølsgjestebod

Nyestølen til Ljotebø, stølsgjestebod

Biletet er truleg teke i samband med eit stølsgjestebod på Nyestølen til Ljotebø tidleg på 1930-talet. Frå venstre ser vi Sigrid Ljotebø, Olga Øyre, Ingeborg Merket, Ragnhild Merket, Lisa Ljotebø og Anton Ljotebø. Dei med etternamn Ljotebø er søsken og kom garden med...

Stølsgjesebod på Bolstadstølen

Stølsgjesebod på Bolstadstølen

Biletet viser truleg eit stølsgjestebod på Bolstadstølen på 1920- eller 1930-talet. Budeiene og gjestene har stilt seg opp framfor det nye treselet til Bolstad 178/3. Bakanfor ser ein først i Klenryggen, og så i Tussnipa. (Foto: Lars Bolstad/privat eige)

Stølsliv i Steinkvia 3

Stølsliv i Steinkvia 3

Godt lag i solveggen på stølen i Steinkvia, ved Bergsvatnet. Framme ser vi Johan Thue (bruk 56/2) med munnspel. Bak frå venstre Alf Thue, Anna Thue, Aslaug Sjursdotter Berge, Selma f. Kvalheim, Helga Knutsdotter Berge og Einar Thue. Alf Thue busette seg i Balestrand,...

Stølsliv i Steinkvia 2

Stølsliv i Steinkvia 2

Steinkvia 1904. Frå venstre ser vi Pernille f. Lønne, Else Lønne, Hilda Sylvarnes og Anna Klævold. I vindauget kan vi skimte Hanna Berge (56/2).

Stølsliv i Steinkvia 1

Stølsliv i Steinkvia 1

Kufjord lastast med kyr i Steinkvia, ved Bergsvatnet. På biletet ser vi Olivia Kvalheim, damvaktar Lars Stendal og Per Sjurson Berge (bruk 57/1). Steinkvia var fjellstøl for bruk på Øvre Berge og Indre Berge.