Veganlegget Bjordal-Søreide på midten av 1970-talet. Dumperen vart køyrd av Egil Førde som her står saman med maskina på Bjordalssida. (Årbok Høyanger 2018, Veganlegget Bjordal-Søreide, Anders Søreide. Foto: Arne Olav Østerbø)
transport
Vedkøyring på Nessane under krigen
Vedkøyring frå Nessadalen under krigen 1940-45. På taket sit Anfinn Våge, dei andre er ukjende. I Bergen var det stort behov for ved til husfyring og knott. Bergen Kommunale Vedlag, kom til Nessane med mange mann som snauhogg heile Nessadalen og Nordalen. Dei nytte to...
Kaia i Lavik
M/S «Sognefjord» ved kai i Lavik i førstninga på 1950 åra. Det første anløp av nye passasjerbåten var 30. mai 1949 ved M/S «Sunnfjord». (Foto: Privat eige)
Det gamle kraftverket i Måren
Det første kraftverket i Måren kom i drift hausten 1953. Her ser vi transport av røyrgate. Fv. Lars Flatebø og Ragnar Orvedal med «Orvedalsmerra». (Foto: privat eige)
Sørestrand bru
I januar 1957 vart ny bru over Mjåsundet ved Sørestrand på øvre Lavikdal bygd. For å løfte brubjelkane av og på lastebilane brukte dei stubbebrytar. Her lastar dei av den siste brubjelken framme ved Sørestrand. (Foto: Karl Gudmundsos. Privat eige/HIM)
Sørestrand bru
På nyåret i 1957 vart ny bru over Mjåsundet ved Sørestrand på øvre Lavikdal bygd. Her ser vi den siste brubjelken på veg gjennom svingen ved Stølsbotn. Håkon Bilsbakk køyrer fremst medan Karl Hellebø ryggar den bakarste lastebilen. Dei bytte på å køyre først, og her...