På tur til Lavikdalen. Under vegen; frå venstre, vikarpresten i Lavik Peter Elisæus Marstrander, guvernanten frøken Hauken Wiig og Rikka Trædal. Oppe på vegen står Ragnhild Trædal og Else Trædal. Marstrander vart seinare professor og rektor ved det teologiske...
veg
Distriktslækjar Ludvig Trædal sitt blikk på Lavik, Ringereide
Ringereide i Lavik, bruk 2, 1908–1912. Her budde Mons Ringereide, mangeårig ordførar i Lavik kommune. Mons var gift med Ludvig Trædal si tante. Ludvig Tædal og familien budde der første tida då han kom til Lavik i 1898. Året etter flytte han til Værholmen. Vegen ein...
Distriktslækjar Ludvig Trædal sitt blikk på Lavik, tur til Støytet
Tur til Støytet. Kona til Ludvig Trædal, Ragnhild Trædal med guvernante frøken Hauken Wiig. Støytet var ein stad innover gamlevegen ved Støytneset der som var laga til med murte stolar og bord. I tillegg var her og beplanta. Vegen er no lagt om. Fotografiet er teke i...
Mjølketransport
Anders Øvrebø på veg til kaien i Ortnevik med hesten Aronia med to mjølkespann på kjerra sommaren 1977. (Foto: Øivind Øvrebotten)
Gardsbruket Øvrebø i Ortnevik
På biletet ser vi garden Øvrebø (Nedre Tune 4/4 Øvrebø) øverst. Dette gardsbruket vart skilt ut frå Fastingarden i 1879. Husa vi ser er frå venstre vedhus (fremst) bak dette står fjøsen, løa, bak løa ser ein i hovudhuset som var bygd rundt 1880. Heilt til høgre står...
Terrengløp i Ortnevik
Her ser vi frå venstre Kåre Østerbø, Arvid Bjordal, Jon Dyrrdal (karen bak er ukjend), Gudleik Bjordal, Gunvald Jenssen, ukjend og Gunnar Mjølsvik på startstreken i eit terrengløp i Ortnevik 16. mai 1953. Biletet er teke på Krambuplassen. Guten i midten bak med...
Flaumkatastrofen i Høyanger 2/11 1971
Her har elva brote seg gjennom til Elvegata ovanfor Øren hotell. (Foto Nils Brekke)
Flaumkatastrofen i Høyanger 2/11 1971
Elvegata, ved Øren hotell. (Foto: Nils Brekke)
Flaumkatastrofen i Høyanger 2/11 1971
Hålandselva braut seg gjennom forbyggingane på Hjetland. (Foto: Nils Brekke)
Bryllaup, Anton og Borghild Ljotebø
12. juni 1937 gifte Anton og Borghild (f. Kyrkjebø) seg i Kyrkjebø kyrkje. Her ser vi dei på veg heim frå kyrkja på bygdevegen. (Foto: Lars Kornberg/privat eige)










