vegbygging

Veganlegget Bjordal-Søreide

Veganlegget Bjordal-Søreide

Arbeidet med tunellen Bjordal-Søreide starta i desember 1974. Her ser vi boreriggen ved påslaget. Personen til venstre er Anders Søreide som her står saman med formannen Åstveit frå firmaet Lau Eide. (Årbok Høyanger 2018, Veganlegget Bjordal-Søreide, Anders Søreide....

Veganlegget Bjordal-Søreide

Veganlegget Bjordal-Søreide

Ein del av arbeidsstokken på veganlegget Bjordal-Søreide på midten av 1970-talet. Frå venstre ser vi Harald Osland, Langhelle, Anders Søreide (bak) og formann Åstveit til høgre. (Årbok Høyanger 2018, Veganlegget Bjordal-Søreide, Anders Søreide. Foto: Arne Olav...

Veganlegget Bjordal-Søreide

Veganlegget Bjordal-Søreide

Veganlegget Bjordal-Søreide på midten av 1970-talet. Dumperen vart køyrd av Egil Førde som her står saman med maskina på Bjordalssida. (Årbok Høyanger 2018, Veganlegget Bjordal-Søreide, Anders Søreide. Foto: Arne Olav Østerbø)

Veganlegget Bjordal – Søreide

Veganlegget Bjordal – Søreide

På røysa etter ei salve under bygging av tunnelen mellom Bjordal og Søreide på midten av 1970-talet. Det var eit farefullt arbeid før dei hadde reinska taket for lause steinar. (Årbok Høyanger 2018, Veganlegget Bjordal-Søreide, Anders Søreide. Foto: Arne Olav...

Veganlegget Bjordal – Søreide

Veganlegget Bjordal – Søreide

3. mai 1976 var det gjennomslag for den vel 1,5 km lange tunellen gjennom Kroppafjellet mellom Bjordal og Søreide. Her har ein del folk frå Søreide møtt opp på røysa for å feire denne storhendinga. (Årbok Høyanger 2018, Veganlegget Bjordal-Søreide, Anders Søreide....

Sørestrand bru

Sørestrand bru

I januar 1957 vart ny bru over Mjåsundet ved Sørestrand på øvre Lavikdal bygd. For å løfte brubjelkane av og på lastebilane brukte dei stubbebrytar. Her lastar dei av den siste brubjelken framme ved Sørestrand. (Foto: Karl Gudmundsos. Privat eige/HIM)

Sørestrand bru

Sørestrand bru

På nyåret i 1957 vart ny bru over Mjåsundet ved Sørestrand på øvre Lavikdal bygd. Her ser vi den siste brubjelken på veg gjennom svingen ved Stølsbotn. Håkon Bilsbakk køyrer fremst medan Karl Hellebø ryggar den bakarste lastebilen. Dei bytte på å køyre først, og her...

Sørestrand bru

Sørestrand bru

I januar 1957 vart ny bru over Mjåsundet ved Sørestrand på øvre Lavikdal bygd. Karl Gudmundsos fekk i oppdrag av Bendik Sørestrand å ta nokre bilete i samband med dette arbeidet. Her er eit av dei som viser gamle brua. (Foto: Karl Gudmundsos. Privat eige/HIM)

Sørestrand bru

Sørestrand bru

I januar 1957 vart ny bru over Mjåsundet ved Sørestrand på øvre Lavikdal bygd. Her er dei som var involvert i transporten av brubjelkane til den nye brua. Bak fv. Georg Strandos, Sverre Engen, Andrias Sørestrand, Anders Kjønås, Einar Brendsdal, Bendik Sørestrand,...